Ved hovudkontoret i Høydalsmo er det ledig stilling som
Energisjef i Vest-Telemark Kraftlag og dagleg leiar i Skafså Kraftverk ANS
Vest-Telemark Kraftlag søkjer no etter ein engasjert og erfaren leiar innan energifeltet til stillinga som Energisjef, med parallelt ansvar som dagleg leiar for Skafså Kraftverk ANS. Me ynskjer ein leiar med solid kompetanse innan vannkraft og energibransjen. Energisjef i Vest-Telemark Kraftlag og dagleg leiar i Skafså Kraftverk ANS er medlem av konsernleiinga.
Arbeidsoppgåver som energisjef:
- Daglege ansvaret for kraftproduksjon til selskapet og det ovrordna ansvaret for all kraftproduksjon ved Vest Telemark Kraftlag.
- Ansvarlig for oppfølging av eksisterande småkraftverk samt planlegging og gjennomføring av nye energiprosjekt.
- Ansvar for økonomistyring, budsjettering og rapportering for Vest Telemark Kraftlag sin totale energiportefølje.
- Ansvarlig for planlegging, avtaler og gjennomføring av energiprosjekt.
- Er for Vest-Telemark Kraftlag VTA ansvarlig.
- Sikre at verksemda overheld gjeldande lover og forskrifter innanfor energibransjen.
- Utvikle og implementere strategiar for optimal energiproduksjon.
- Ansvar for kraftprissetting og forhandlingar med leverandørar og samarbeidspartnarar.
- Ansvarlig for engrosomsetning av kraft og handtering av EL-sertifikat, opprinnelsesgarantiar med mer.
- Bidra i videreutvikling av vårt Internkontroll-system.
Arbeidsoppgåver som dagleg leiar i Skafså Kraftverk ANS:
- Leie organisasjonen og sørge for nødvendig drift og vedlikehold av Skafså Kraftverk ANS.
- Leie, motivere og videreutvikle medarbeidarar
- Ansvar for økonomistyring, budsjettering og rapportering.
- På vegne av Skafså Kraftverk skal ein sørge for dagleg godt samarbeid med Vest-Telemark og Hydro om drifta av kraftverket.
- Samarbeide med lokale interessentar, myndigheiter og organisasjonar.
- Sikre høg sikkerheitsstandard og overhalding av forskrifter og miljøkrav.
- Leie daglege operasjonar og drift av Skafså Kraftverk ANS.
- Ansvar for økonomistyring, budsjettering og rapportering.
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning på master eller bachelor nivå innan elektro, maskin eller bygg.
- Minimum 5 års erfaring frå leiing innan energibransjen,(ein eller fleire av produksjon, utvikling, bygging).
- God forståing av kraftproduksjon og kraftmarknaden.
Eigenskapar:
- Gode leiarferdigheter.
- Evne å være med på å bygge eit konsernmiljø (på kryss av selskaper og fagmiljøer).
- Operativ person med gode samarbeidsegenskapar.
- Strukturert, men likar variasjon i arbeidsdagen.
- Sterke analytiske ferdigheiter og evne til strategisk tenking.
- Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk.
- Sjølvstendig og sjøldrivande.
Me tilbyr:
- Ein sentral rolle i Vest Telemark største energi konsern.
- Spennande moglegheiter for å påverke utviklinga av Vest-Telemark Kraftlag konsernet og fornybar energi i regionen.
- Ein sjølvstendig og leiande stilling der du får ansvaret for all kraftproduksjon.
- Ein spennande og fagleg interessant stilling med varierte utfordingar.
- Høve til å jobbe i eit dedikert team med erfarne fagfolk som både driftar og utviklar ny kraftproduksjon.
- Konkurransedyktige vilkår og gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Vest-Telemark Kraftlag er oppteken av mangfald og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Er dette deg? Er du klar for å ta det neste steget? Ta kontakt med vår rådgivarar i Nor Selection Rekruttering AS, Bård Arne Rolfseng (
bar@norselection.no – 91735958). Av omsyn til personvern/GDPR har vi ikkje moglegheit til å handsame søknader motteke per e-post. Alle førespurnader blir handsama konfidensielt, om ønskjeleg også overfor oppdragsgivar.
Send oss din søknad, og la oss ta ein prat om deg. Me ser fram til å treffast!
Tiltredelse etter avtale.
Søknader blir handsama fortløpande.
Avhengig av bakgrunn og erfaring hos kandidatane, kan det vere aktuelt for Vest-Telemark Kraftlag å tilsetje ein i kvar stilling.
Nor Selection Rekruttering AS vart etablert i 2012, og har sidan starten hatt ein betydeleg vekst og utvikling. Me samarbeider i dag med store nasjonale og internasjonale selskap innanfor fleire område knytt til HR-relaterte tenester. Vårt team består i dag av 9 rådgivarar og trenarar. Kvar dag jobbar me for å tilfredsstille deg og dine behov på best mogleg måte, i tråd med dei verdiene og løfta vårt selskap er basert på. Me har våre kontor i Oslo, Sandefjord, Skien og Lillehammer.